Moster 2024 er stolt samarbeidspartnar i det spanande prosjektet LAND, som har premiere i august 2022.
LAND
Ei uvanleg og oppslukande framsyning av dans, stemme og musikk, laga spesielt for Moster Amfi på Bømlo, inspirert av det vestlandske landskapet.
LAND utforskar den intrikate forteljinga mellom menneske og landskap, samspelet mellom det indre og ytre, og korleis landskapet rører, om ikkje formar oss.
Ved å flette saman dans, stemme og poesi, vil LAND omsetje dei fysiske og emosjonelle elementa i landskapet rundt seg.
Framsyninga startar med eit verk laga og vist av ungdommar frå lokale områder rundt Bømlo, Stord og Haugesund.
Denne delen vil leie inn i den profesjonelle framsyninga, kor også dansarane og vokalistane er nært knyta til vestlandet.
Framsyninga er laga av Anna-Lise Marie Hearn, produsert av Moster 2024 AS.
Prosjektet er støtta av Kulturrådet Norsk Kulturfond, Fond for Lyd og Bilde, Vestland Fylkeskommune, Aktivitetsmidler for kor, Bømlo Kommune, samt private sponsorar.
Meir informasjon finn du her: www.LAND-project.no
Kjøp billettar: https://land.hoopla.no/sales
Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!