Lansering av haustprosjekt og skulebesøk 28.08!

Lansering av haustprosjekt og skulebesøk 28.08!

1000-årsjubileet Moster 2024 ser fram mot ei stor markering av 1000 år med Kristenretten våren 2024. Men det skal skje mykje på vegen mot 2024!

Moster 2024 er i gang med aktiviteter allereie frå hausten 2020. Hovudmålgruppa for jubileet er barn og unge, og vi har starta fleire spanande prosjekt for desse målgruppene. 

Grunna smittevern i koronapandemien har aktivitetane våre blitt tilpassa situasjonen, og eit av prosjekta tek også utgangspunkt i denne situasjonen. 

Fredag 28. august lanserer vi to av våre prosjekt, med skulebesøk til alle ungdomsskuleelevar i Bømlo kommune. Samstundes er begge desse prosjekta er tilgjengelege for barn og unge over heile landet.

«Tidsreisa»

«Tidsreisa» er ei digital oppleving som setter den historiske hendinga frå 1024 i kontekst for oss. «Tidsreisa» skal gå føre seg heilt fram mot 2024 og presenterer i 2020 i fyrste omgang: «Vikingtid». Frå 28. august ligg «Tidsreisa» tilgjengeleg på våre heimesider og sosiale mediar. Fram mot 2024 vil vi presentere nye bolkar som gir innblikk i historia gjennom dei siste 1000 åra fram mot i dag. Prosjektet er utvikla av Opplett AS og Moster 2024.

«Generation Corona»

Våren 2020 tok livet ei plutselig vending. Koronaviruset kom og har ført med seg store konsekvensar for verden. Utan vaksine må ein beskytte seg sjølv og kollektivet på anna vis. Med tiltak som avstand, isolering, karantene, munnbind, digitalt samvær, blir det eit anna sosialt liv for mesteparten av oss. Korleis har dette eigentleg virka inn på oss? Korleis er det å være ungdom i denne situasjonen? Kva sider viser vi oppi dette? Korleis har dette påverka oss som individ og som kollektiv?

Med koronapandemien som bakgrunn ynskjer vi i Moster 2024 å få innblikk i ungdom sitt liv i koronatida, fortald gjennom korte eigenproduserte filmar på inntil 2 min. Dette kan utrykkast som ein sjølv føler for, gjennom å snakke til kamera aleine eller lage ein kort scene saman med nokon andre. Bidraget kan vere utan ord, uttrykt gjennom musikk, dans eller andre uttrykk. I løpet av oktober vil desse bli sett saman til eit dokumentarprosjekt om denne spesielle tida. Prosjektleiar for «Generation Corona» er regissør/kulturskulelærar Nina Sele.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024