Moster 2024 - seminaret

Moster 2024 - seminaret

Til Moster 2024-seminaret 2021 hadde vi besøk av jusprofessor Ola Mestad!

Til Moster 2024-seminaret 6. juni 2021 hadde vi besøk av jusprofessor Ola Mestad, som dro opp dei lange linene for oss med foredraget

"Verdiar – 1024, 1536 , 1814, 2012 - frå Kristenretten til verdiparagraf i Grunnlova".

Foredraget blei flott ramma inn av dyktige Ingeborg Anglevik frå Moster!

Om Ola Mestad

Ola Mestad er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og har mor frå Kulleseid på Bømlo. Frå 2010 til 2015 var han leiar for den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet og har gitt ut bøker og artiklar om både forhistoria til og om den nyare utviklinga av Grunnlova. Hausten 2021 kjem han saman med medredaktør Dag Michalsen ut med den store: Grunnlova – Historisk kommentarutgave. Han har tidlegare òg vore leiar av Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) og Etikkinformasjonsutvalet.

Ola Mestad skal vere med oss vidare i jubileumsarbeidet som medlem av Moster 2024 sin hovudkomité.

I 2020 blei Moster 2024-seminaret avlyst, i år blei det gjennomført med svært begrensa plass. Derfor presenterer vi her heile foredraget filma.

Moster 2024-seminaret er arrangert av Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter i samarbeid med Moster 2024.

Seminaransvarleg er Svein Arne Theodorsen.

Sjå foredraget her:

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024