Moster gamle kyrkje prosjekt

Moster gamle kyrkje prosjekt

Fase 1 i dokumentasjonsarbeidet av Moster gamle kyrkje er i gang i 2021.

Fase 1 i dokumentasjonsarbeidet av Moster gamle kyrkje er i gang i 2021.

I 2021 er Moster 2024 med og bidreg til eit viktig dokumentasjonsarbeid på Moster gamle kyrkje. Eit heilt unikt kyrkjebygg med ein lang og rik historie knytt til seg. Denne dokumentasjonen kan gi oss informasjon om bygget gjennom dei 1000 åra det har eksistert. Med i dokumentasjonsarbeidet tek ein også kyrkjegarden.

Det er eit team frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) som gjennomfører prosjektet med innsamling og analyse av data gjennom 3D-scanning og georadarundersøkelse.

Prosjektet har planlagt fleire fasar, og håpet er at arbeidet kan resultere i ei ferdig restaurert kyrkjebygg til 2024. I 2021 gjennomførest fase1, og det konkrete resultatet av arbeidet frå denne fasen vil gi oss3D-modellar av bygget, samt visuelle framstillingar som kan presenterast digitalt. Ein svært viktig del av arbeidet er økt kunnskap om kyrkjebygget med tanke på forsking, historieformidling og restaurering.

I prosjektet samarbeider Moster 2024 med Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter, og prosjektet mottar støtte frå Norges Forskningsråd, Bømlo kommune, Støttelaget til Moster gamle kyrkje, Bremnes Seashore og NIKU.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024