Moster 2024 gjennomførde i juni 2022 Moster-seminaret 2022 og Moster-seminaret / Ung, to store arrangement som tematiserer jubileets verdiar og løftar fram verdisamtalen i tråd med jubileets målsetting.
Moster 2024 gjennomførde i juni 2022 Moster-seminaret 2022 og Moster-seminaret / Ung, to store arrangement som tematiserer jubileets verdiar og løftar fram verdisamtalen i tråd med jubileets målsetting.
Her kan du lese om arrangementene og sjå to korte filmar som oppsummerer dei to seminarene.
Moster-seminaret har vore arrangert sidan 2016 og tar opp Moster si unike historie og tema knytt til staden. I seminar-rekka fram mot 1000-årsjubileet i 2024 vil verdisamtalen stå sentralt i arrangementa. Med innføring av Kristenretten starta eit verdiskifte, ein langsam prosess mot eit rettssamfunn med auka omsyn og tillit til individet, eit verdiskifte som har bidrege til å forma det Noreg me ser i dag. Desse verdiane vil me setja lys på i Moster-seminaret gjennom foredrag og samtaler med gjestene leia av Øyvind Håbrekke frå Skaperkraft.
Olav Fykse Tveit er preses i Den Norske Kyrkja og medlem av Moster 2024 si Hovudkomité. I dette seminaret vil han prate om kva for ei rolle kyrkja har i arbeidet for menneskeverd og menneskerettar i dag. Både som preses og som tidlegare generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd, har han stort engasjement og erfaringar å bringa om demokrati og menneskerettar i urolege tider. Kva for nokre utfordringar møter folkekyrkja på i dag?
Jørn Øyrehagen Sunde, jurist og professor i rettshistorie, er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant. Han har fått fleire prisar for framifrå formidling, og er fagspesialist hos oss i Moster 2024. På Moster-seminaret vil han ta utgangspunkt i «Modern Times» av Charlie Chaplin, og snakka om korleis institusjonelle system borne opp av lover, må ha eit moralsk fundament å frigjere og ikkje undertrykkje individet.
Ingrid Rosendorf Joys er generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, STL. I dette seminaret vil ho prate om det livsynssopne samfunnet og om den generelle utviklinga i verda som ho meiner går i feil retning kva fridom angår.
Katherine Duarte har master i medievitskap og jobbar blant anna som berekraftrådgjevar i store selskap og som researcher i NRK. Katherine brenner for forskingsformidling og klimakommunikasjon, og i anledning verdas miljødag 5.juni, skal ho prate om kva for nokre utfordringar dette kan ha for demokratiet.
Øyvind Håbrekke er fagleg leiar i tankesmia Skaperkraft. Han er tidlegare stortingsrepresentant og statssekretær og har i mange år vore aktiv samfunnsdebattant på ei rekke område. Håbrekke er medlem i Temafagleg komite i Moster2024.
Moster-seminaret 2022 vart gjennomførd i samarbeid med Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter, og var i 2022 støtta av Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune.
Moster-seminaret 2022 var del av Mostradagane 2022, og i samband med seminaret arrangerte Moster 2024 fleire andre arrangement mellom anna Daniel Kvammen-konsert i samarbeid med Bømlo Ungdomsråd.
Etter to år med nedstenging, pandemi, og no ny krig mellom Russland og Ukraina, inviterte Moster 2024 i samarbeid med Bømlo ungdomsråd til å setje lys på kor viktig det er å prate om vår psykiske helse, og korleis det kna knyttast opp mot jubileets verdi "fridom". Vi inviterte ungdom og vaksne til å bli med på føredrag og panelsamtale med influensarar og føredragshaldarar i Bømlo Kulturhus. På scenen hadde vi med "Helsesista" Tale Maria Krohn Engvik, Benjamin Silseth og Svein Olav Langåker. Til panelsamtalar hadde vi i tillegg med verksemdsleiar for psykologiske tenester i Bømlo kommune Linda Hellen, Hedda Høyland Kleppe frå Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press og Emilie Bersaas leiar for Haugesund Arbeiderparti og engasjert i tematikken gjennom blant anna siner erfaringar frå Utøya 22. juli 2011. Viktige stemmar som medverka var Bømlo Ungdomsråd sine representantar Hannah Stokkenes Jenkins og Mats Rissman Bredesen.
Rådet for psykisk helse var samarbeidspartnar og leverte ein infofilm til seminaret. Det var underhaldning frå dei lokale talenta Ognjana Belic, Hannah Sortland Mæland, Eirik Nitter og Elisabeth Solås.
Moster-seminaret / UNG mottar støtte frå Stiftelsen Dam og gjennomførast i samarbeid med Bømlo ungdomsråd, Rådet for psykisk helse og Bømlo Kulturhus.
OM FØREDRAGSHALDARANE:
Svein Olav Langåker er redaktør for Framtida Junior og dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Han var inntil nyleg redaktør for nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no. Han bur på Stord, og er far til to ungdommar på 14 og 18 år. Svein Olav skal halde i trådane på dette ungdomsseminaret og vere ordstyrar for panelsamtalen saman med representantar frå ungdomsrådet til Bømlo kommune.
Tale Maria Krohn Engvik hadde vore helsesøster i Oslo kommune i fem år, da ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen «Helsesista». Ho har no over 200 000 abonnentar på snapkanalen sin, og med ein dundrande miks av seriøs kunnskap, humor og personlegdom, spreier ho Helsesista sitt bodskap. I år kom ho også ut med boka «Våg å være voksen» som kan hjelpe vaksne å forstå ungdommen sin mentalitet betre. I dette seminaret vil Tale halde eit foredrag om tema mange unge kontaktar ho for. Tankar og kjensler rundt seg sjølv og andre. Det handlar om kropp, presentasjonar, status og når alt berre blir kaos.Det handlar om den ein vel å vere i møte med andre menneske. Tale ønskjer å inspirere, få publikum til å tenkje, våge å vere, og våge å be om hjelp. Tale er blitt tildelt 12 prisar for sitt arbeid som Helsesista. Blant dei er Redd Barnas Rettighetspris i2017 og Tabuprisen 2018.
Benjamin Silseth, psykolog og kjent tv- og podcast profil, har ein draum om at alle skal få ein fastpsykolog, på same vis som fastlege. Benjamin engasjerer seg spesielt i psykisk helse hos barn og unge, og ønskjer meir fokus på openheit, mestring og grensesetting. Han pratar mye om betydinga av skeive sine rettar, mangfald og om synleggjering. Han driv også med funksjonell familieterapi, og har samtaler kor både ungdom og foreldre deltar. I dette foredraget vil han leggje vekt på korleis ungdommen kan bli høyrt og forstått av foreldra sine. Han vil prate om vår fridom som individ, og korleis ein kan få meir forståing av seg sjølv og andre.
Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!