MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

I prosjekta fram mot 1000-årsjubileet har målet vore å lære frå fortida, samstundes forme framtida vidare med eit fokus på dei unge sin stemme.

Ein ung stemme som har utvikla seg mykje dei siste åra er vinnar av MGPjr i 2022, William Høyem Ribe. William har sloppe fleire låter og opptrådt på store arrangement sidan MGP-sigeren. Han har blitt ein populær artist til barne- og familiearrangement i heile landet som Allsang på Grensen og opningshowet til Norway Cup. Han har også gitt ut fleire herlege sommarlåtar, samt låter i desember som «Oss to i Vinterland», «Jula Hjemme» og «Magi».

Moster 2024 har lenge ønska eit prosjekt som kan nå barn og unge nasjonalt og motivere dei til å sjå framover. Vi er difor i utvikling om å skape ein jubileumslåt saman med William – ein fellesskapslåt om fridom med fokus på barneskulen og ungdomstrinnet.

 

Helga 12 - 14. januar var vi i studio saman med amerikanske produsent Brandon Santell for å skape ei kul pop-låt med tittel «FRIDOM». I tillegg til å medverke på låtar for Diplo, Sam Smith, Yendry, Jaden Smith, og Rich Brian, har Santell produsert album og songar i Noreg til nykomaren Swank Mami og dei kjende songane “Balkong” og “Fri” for Unge Ferrari, samt “Natt etter natt” for Isah på hans siste album.

 

I studio fekk vi også besøk frå Thelma Sofie Lien, 11 år og Sondre Møllergård Kleive, 12 år frå ART Musikal og ballettskole, som blei med og kora på låten.

 

Saman med William håpar vi denne songen vil bidra til at barn og unge kan kjenne på eit fellesskap både nasjonalt og lokalt, og tørre å bruke sin stemme til å skape fridom for alle!

Produsent Santell i studio saman med Sondre Møllergård Kleive, Thelma Sofie Lien og William Høyem Ribe.

«Fridom for meg er når eg får stå på scenen å sleppe meg laus. Det er også mykje fridom i å vere heime heilt åleine og eg berre kan slappe av. Det er fridom det!» sa William da vi spurde han.

«Bodskapet eg prøvar å få fram med låta er at alle har ein stemme og om vi brukar fridommen vår - vil verda bli ein betre stad.»

 

Vi gler oss til å dele låta med både store og små i slutten av mars, byrjinga av april. Målet er å kunne distribuere songen til skular og fritidsklubbar med ein opplæringsvideo for dansen som vil bli laga av koreograf og bømling Miriam Hammersland.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

Endeleg kan ein melde seg som frivillig under Jubileumsveka på Moster

14
.
January
2024