Nasjonaljubileet 2030 og Moster 2024 ønskjer velkommen til Nasjonalt nettverksseminar på Moster og Stord, 25. - 26. september.
Vi gler oss til to inspirerande og engasjerande dagar med kunnskapspåfyll, erfaringsutveksling, kulturelle opplevingar og samtalar om vegen vidare i jubileumsstafetten. Samstundes skal ein bli betre kjent med Moster sin historie, da det i år er tusen år sidan innføringa av kristenretten på Moster i 1024, og 750 år sidan innføringa av Magnus Lagabøtes Landslov.
Vi ser fram til å samle samarbeidspartnarar på tvers av landet til å delta i det levande, meiningsbærande og samfunnsengasjerande nasjonale nettverket som utgjer jubileumsstafetten i Nasjonaljubileet!
Påmeldingsfrist 27. august
Påmelding til overnatting og seminarmiddag går via Nasjonaljubileet 2023, i deira påmeldingsskjema som du finn nedst på denne sida. Det er viktig at alle overheld påmeldingsfristen 27.08. Stord hotell stenger booking for overnatting og seminarmiddag ved påmeldingsfristen. Nasjonaljubileet 2030 dekker dagpakker 25. og 26. september inkludert lunsj, samt transport til og frå flyplass. De må sjølv dekke overnatting og seminarmiddag.
Overnatting
Nasjonalt nettverksseminar 2024 finner sted på Moster og på Stord hotell. Sekretariatet i Nasjonaljubileet 2030 har reservert overnatting på Stord hotell. Ønsker du å booke overnatting på Stord hotell krysser du av for dette i påmeldingsskjemaet, så melder vi det videre til hotellet. Overnattingen koster 1 895,- inkludert frokost og inngang Vikjo Bad. Overnattingen betales direkte til hotellet på stedet.
Seminarmiddag
Onsdag 25. september kl. 20:00 blir det seminarmiddag med kulturelt og sosialt program på Stord hotell. Her blir det servert ein treretters middag.
Ønskjer du å delta på seminarmiddagen krysser du av for dette i påmeldingsskjemaet. Middagen koster 805,- per deltaker, og blir betalt direkte til Stord hotell.
Transport
Vi anbefaler at du nytter deg av Norwegian sin flyvning frå Oslo lufthamn, Gardermoen kl. 10:40 (DY608) 25.09 til Bergen lufthavn Flesland. Nasjonaljubileet 2030 organiserer herifrå transport frå Bergen lufthavn Flesland 25.09. Bussen står klar ved ankomst Flesland. Bussen kjører direkte til Moster Amfi for seminarstart.
Heim anbefaler vi at du nytter deg av SAS sin flyvning frå Haugesund lufthavn Karmøy kl. 18:40 (SK319) 26.09 til Oslo lufthamn, Gardermoen. Nasjonaljubileet 2030 organiserer transport til Haugesund lufthavn Karmøy, som vil ankomme flyplassen i god tid til flyvningen.
Vi ønskjer å ha ein oversikt over kor mange som ønskjer transport til og frå flyplass. Derfor ber vi deg om å krysse av for transport i påmeldingsskjemaet.
Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!