Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

URETT - ein utstilling om maktutøving og overgrep utført av den norske stat og kyrkje

URETT - ordet som ei stund har vekka nysgjerrigheit kledd i rosa neon på kyrkjeveggen, skal no krabbe ned i kyrkja si krypt, i følge med
‍
Máret Ánne Sara
Victor Lind
Jannik Abel
Pierre Lionel Matte
Ellen Ugelstad
Berit Reisel og Harry Rødner
Ole-Fredrik Einarsen
Romano Kher
KDA Elvebakken

‍
Gjennom ei rekke ulike uttrykk får ein i Kulturkirken JAKOB oppleve mellom 26. september til 24. oktober kva marginalisering har gjort med menneske i vår nære historie - og møte kunst som både kviskrar og ropar om URETT!

I 2024 feira vi 1000-årsjubileet for kristenretten i Noreg; det første norske lovverket som etter kvart skulle danna grunnlag for meir omfattande lovverk, og dermed for sjølve rettsstaten vår.
‍
Men der kor det finst rett, finst det også urett. Der nokon får definisjonsmakt, blir andre drive ut i skuggane.
‍
Saman med kunstnarar og representantar for dei undertrykte gruppene, får vi i innblikk i URETT-historia sett frå samene sin ståstad, jødene, rom-folket, og frå dei skeive og psykiatrien sin posisjon. Kulturkirken Jakob har også utfordra ungdommane på Elvebakken Vidaregåande til å bidra i utstillinga ved å spørje: kva er uretten i vår tid? Kor er blindsonane i dagens samfunn; der vi trur vi gjer rett, kven opplev urett?

Utstillinga står frå 26. september til 24. oktober og er open tysdag til søndag.

Kurator/ utstillingsprodusent: Laila Kongevold

Idé og research: Morten Eriksen

Kunstnarisk produksjonsteam Kulturkirken Jakob: Kari Falk, Erik Hillestad, Hans Olav Baden

Utstillingsopninga vart: Torsdag 26. september kl 16.00
‍
LES GYRID GUNNES SI OPNINGSTALE HER:

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024

Stortingspresidentens offisielle tale under opninga av ny permanent utstilling på Moster Amfi

26
.
September
2024