UTSTILLINGSOPNING UNDER MOSTRADAGANE

UTSTILLINGSOPNING UNDER MOSTRADAGANE

Laurdag 3. juni, under Mostradagane, hadde vi ei storfin opning av vandreutstillinga "Miserabiles Personae" i Moster Amfi.

Laurdag 3. juni, under Mostradagane, hadde vi ei storfin opning av vandreutstillinga "Miserabiles Personae". Her heldt Vestlands fylkesordførar Jon Askeland ei opningstale medan professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde heldt foredrag om koplinga mellom Magnus Lagabøtes Landslov og Kristenretten. Vi fekk også besøk av elevar på 5.trinn ved Moster Skule som leste opp utdrag frå utstilinga som handla om barndomen på Moster i 1280.

Vandreutstillinga er offisielt opna av fylkesordførar Jon Askeland! Her med 5.klassingane Anna Borgemyr "Sunniva" og Eskil Mæland "Olav".
Elevar på 5. trinn ved Moster Skule les høgt om barndomen på Moster i 1280.
Professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde heldt ei formidling i vandreutstillinga under Mostradagane.
Fylkesordførar Jon Askeland saman med maskotane for utstillinga "Sunniva" og "Olav".

Utstillinga "Miserabiles Personae" skal vere på reise til 2024, til landslova fyller 750 år. Utstillinga vil vere tilgjengeleg på Moster Amfi frå 3. Juni til 26. juli, 2023.

Norsk barnemuseum ved Museum Stavanger har produsert utstillinga saman med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde(UiO), professor i historie, Erik Opsahl (NTNU) og formgjevar Ståle Ådland.

For meir informasjon om utstillinga, les her.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024