Overrekking av komposisjonen "ELLE MELLE" til jubileumsfeiringa 2024

1. Juni, markerte vi at det var eit år til jubileumsfeiringa på Moster, med overrekking av bestillingsverket "ELLE MELLE" som er blitt laga spesielt for jubileumsfeiringa!

I 2021 fekk komponist Webjørn Sæther, gjennom Bømlo kulturskule, ei bestilling frå Moster 2024. Han blei her utfordra på korleis historie kunne spegle seg i musikk og bringe unge saman. Korleis kunne uvant rytmikk, harmoniar og dramaturgi formidle ei brytningstid og eit religionsskifte for barn og unge?

Webjørn Sæther har no komponert eit verk for kor og orkester ved kulturskulen. Mike McGurk og Solfrid Sivertsen har skrive tekst til komposisjonen.

«ELLE MELLE» skal vere ein del av ei større framsyning kalla "ELDEN MELDER", initiert av Bømlo kulturskule som vil bli vist i Moster Amfi under 1000-årsjubileet. Her kjem fleire kulturskular i Sunnhordland (FOS-kommunane) til å kople seg på, for målet med komposisjonen er å bringe unge talent i distriktet saman for å spele under denne urpremiera.

Bestillingsverket har vore ein av Moster 2024 sine store satsingar for barn og unge, og vi vonar fleire kulturskular vil ta verket i bruk i løpet av jubileumsåret.

Til stades under overrekkinga var komponist Webjørn Sæther, Stein Høyland (rektor ved Bømlo kulturskule), og tekstforfattar Mike McGurk saman med dagleg leiar, Elsa Aanensen.

Høyr intervju med dagleg leiar hos Radio 102, her.

Les artikkel med Bømlo-nytt, her.

Sjå intervju frå TV-Haugaland, her.

Bilete tatt av Bodil Haga / Moster Amfi

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024