No er Moster 2024 AS i gang med arbeidet – og ynskjer innspel!

No er Moster 2024 AS i gang med arbeidet – og ynskjer innspel!

Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune etablerer selskapet Moster 2024 AS, eit selskap som skal planlegge og gjennomføre 1000-årsjubiléet for innføringa av Kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Moster i 1024.

Me har starta prosessen med å planlegge eit nasjonalt jubileum som skal gå føre seg på Moster i 2024, men me legg opp til aktivitetar allereie frå hausten 2020. Jubiléet skal famne heile Noreg, og har barn og unge som hovudmålgruppe. Arbeidet skal ha særleg fokus på verdigrunnlaget Noreg er bygd på i dag, og me ynskjer å skape refleksjon og debatt kring det.

Jubileumsselskapet legg vekt på stor grad av medverknad i prosessen fram mot 2024, og ynskjer innspel til jubileumsaktivtetar. Ta kontakt med oss på moster2024.no


Heimesider og visuell profil til Moster 2024 AS er det Opplett AS som står for, med mostringen Lisa Landvik Berge i spissen.


Moster 2024 AS er eigd av Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune, og dagleg leiar i selskapet er Elsa Aanensen. Kontorstaden til selskapet er i vakre Moster Amfi, som er ein viktig samarbeidspartnar for jubileumsselskapet.

Feirar fortida og formar framtida!

Kontakt dagleg leiar Elsa Aanensen her eller send ditt forslag til Moster 2024.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024