Statlege tilskot til Moster 2024

Statlege tilskot til Moster 2024

8.mai fekk Moster 2024 besøk av Kjersti Toppe som brakte nyheita om statlege tilskot for heile prosjektperioden.

Måndag 8. mai fekk vi besøk av Barne- og familieminister Kjersti Toppe som kom eins ærend til Moster for å dele nyheita om vidare statleg finansiering for jubileet.

Toppe kunne melde om både ein million ekstra i det reviderte statsbudsjettet for 2023 og tre millionar i statsbudsjettet for 2024. Med dette har 1000-årsjubileet fått sikra statlege tilskot som omsøkt, på totalt 10 millionar for heile prosjektperioden.

No kan vi gå hausten i møte med full fokus på innhaldsproduksjon til den store feiringa i 2024, med fokus på verdiar i lovverk og samfunn! Eit tema som er svært aktuelt i vår samtid.

Billettar til arrangement i jubileumsveka vil bli lagt ut på våre nettsider i løpet av juni. Følg med og velkommen til feiringa neste år!

Les meir om møtet med Kjersti Toppe i intervju med Bømlo Nytt og Vårt Land.

Dagleg leiar, Elsa Aanensen, presenterar planane framover mot jubileumsveka i 2024.
Bjarte Notland Tjensvoll, leiar av Bømlo Ungdomsråd og representant i M24 sitt ungdomsutval, fekk introdusere prosjekt planlagt for barn og unge til Kjersti Toppe.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024