Tidskapselveka - ein verkstad for å skape sommarminne!

«Tidskapselveka» - ein verkstad for å skape sommarminne! Bli med på gratis sommarverkstad 21.-25. juni!

«Tidskapselveka» - ein verkstad for å skape sommarminne!

Bli med på gratis sommarverkstad 21.-25. juni! Er du mellom 13 og 16 år og likar å skrive, danse, filme eller skapa kunst, kan du vera med å lage ein tidskapsel får koronatida. 40 ungdom får bruka store delar av Bømlo kulturhus og området rundt i lag med dyktige instruktørar. Kanskje vil de også fortsetta og møtast i tida fram til fristen for å levera bidrag den 15. juli?

Påmeldinga er open frå 20. mai til 13. juni – det er førstemann til mølla om mange melder seg på.

https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx?id=8L7poqLxu0K-nbdwg-m37S2sXRL9Z4pIty5BzzbmtitUQjdXSUZYOFZBSE1WRkxBQUZJUDVFTDlWWS4u

 

Moster 2024 arrangerer i samarbeid med Bømlo Kommune, Bømlo Kulturskule og Frivilligsentralen, sommarverkstad for barn og unge i alderen 13 til 16 år. I løpet av veka vil det væra mogleg å delta i å skapa visuell kunst, teater, dans, film og kreativ skriving. Arbeidet skal inkluderast i ein tidskapsel som skal gravast ned i slutten av august, som eit tidsbilete frå koronatida sett frå unges perspektiv. "Tidskapselveka" er slikt sett ei vidareføring av Moster 2024-prosjektet "Generation Corona". Etter at "Tidskapselveka" er omme vil borna ha moglegheiten til å arbeide vidare med sine prosjekt fram mot innleveringsfristen 15. juli.

 

Tidskapselen skal ikkje berre innehalde bidraga frå «Tidskapselveka», men også inkludera bidrag frå Shetlandelevar, som me samarbeider med i «Generation Corona». Alle bidraga frå «Kapselveka» og frå barn og unge på Bømlo og Shetland, skal verta del av tidskapselen som skal gravast ned på Moster i august 2021. Før den vart gravd ned vil bidraga bli til ei fysisk og digitalutstilling. Tidskapselen vil bli opna igjen 1. juni 2024, som del av hovudmarkeringa for 1000-årsjubileet.

Vi inviterer til «Tidskapselveka» 21-25. juni – for dei i alderen 13-16 år !

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Foreslå noko til jubiléet

Les meir

Moster 2024 - seminaret

15
.
June
2021

Moster gamle kyrkje prosjekt

26
.
April
2021

M24 Barnepodden er på Spotify!

15
.
December
2020