Ungdomsutveksling i Hellas 5-13. august

Ungdomsutveksling i Hellas 5-13. august

Moster 2024 saman med organisasjonen Youth Empowerment (YE) i Thessaloniki, Hellas, arrangerte frå 5 til 13 august eit utvekslingsprogram finansiert av Erasmus+ Ungdom. 50 personar frå Noreg, Hellas, Litauen, Polen, Italia, Armenia, Serbia og Kroatia var samla på eit ungdomsherberge i Thessaloniki for å jobbe med tema falske nyheiter under mottoet «Break the fake vol. 2».

Erasmus+ Ungdom støttar mange slike prosjekt over heile Europa, og Moster 2024 arrangerte eit tilsvarande prosjekt på Bømlo i 2022. EU har oppretta dette programmet for å bidra til at unge menneske over heile Europa kan bli betre kjende med andre kulturar, få opplæring i tema som demokrati, inkludering eller anna som er viktig for å byggje vidare på demokratiet og samhaldet. Det er basert på informell læring, det vil seie i stor grad å lære av kvarandre og å sjølv delta aktivt i programmet.

Foto: Johanne Kristiansen

Ungdomsrådet og Moster 2024
Frå Bømlo drog fem ungdommar og ein vaksenleiar med som representantar for Moster 2024 og Bømlo ungdomsråd. Dei 8 dagane i Thessaloniki gjekk med på å gjere 50 deltakarar kjend med kvarandre, fortelje om landa dei kjem frå, og å jobbe med ulike aspekt av temaet falske nyheiter - Kva er det, kva former har det, kva gjer det med demokratiet vårt om ungdom og eldre stadig blir utsette for medviten feilinformasjon og vidareformidling av informasjon som er feil? I arbeidet viste det seg at det er store skilnadar mellom dei ulike landa. I Noreg er det også utfordringar med falsk informasjon, særleg på sosiale media, men situasjonen er mykje verre i fleire av dei andre landa, fortel Johanne Kristiansen, reiseleiar og rådgjevar folkehelse og frivilligheit i Bømlo kommune.

Foto: Johanne Kristiansen

Ingen fritidsleir
Hanna Oliva Høgmo Breivik var ein av deltakarane frå Bømlo. Ho syntes det kjekkaste med turen var samspelet med folk frå andre land. – Me lærer å jobbe med mange ulike folk og har prøvd ut mange gode måtar å bli kjende på. Eg håpar å lære meir om korleis me kan beskytte oss mot falske nyheiter.

Sivert Sortland synest også det kjekkaste var å møta nye folk. - Det er ganske overraskande å sjå at me kan ha ganske lik humor, sjølv om vi kjem frå ulike land. Det er skikkeleg gøy.

Det som har vore vanskelegast har nok vore varmen, fortel dei. At det har blitt lite søvn, og at det blei lange dagar med mykje program. Det var ikkje mykje fritid i programmet, med eit opplegg som starta med frukost kl. 08:30 og enkelte kveldar slutta programmet ca. kl. 23:00. Lunsj og middag blei innteke på ei lokal taverna, og ungdommane fekk prøve både gresk og litt internasjonal mat.

Foto: Johanne Kristiansen

Viktig utveksling
Temaet for utvekslinga passa godt saman med temaa som blei utarbeidde av Mostratinget for unge under jubileumsfeiringa på Moster i starten av juni, og det kjem også til å bli følgt opp av ungdommane og Bømlo ungdomsråd utover hausten.

Ungdommane som var med på turen var Hanna Oliva Høgmo Breivik, Bjarte Tjensvoll, Sivert Sortland, Malin Aga og Alis Natterøy.

Les meir om utvekslinga via Bømlo Kommune sine heimesider.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024