Vi informerer om protokollar og instruksar ved offisielt besøk under Jubileumsveka på Moster laurdag 1. juni!
Under Jubileumsveka vil det gå føre seg mangt på Moster med over 60 arrangement frå tysdag 28. mai til søndag 2.juni. Vi vil få besøk frå heile landet samt utanlands, i tillegg til vikingbåtar, skuter og kanskje mest stas av alt - besøk av kongeskipet. Sjaluppen med kronprinsparet vil leggje til ved Torkelsens kai laurdag 2. juni foreløpig rundt klokka kl. 14.15. Dette betyr at alle bør vera nede tidsnok til få med seg ankomst av kronprinsparet rundt 14.00. Kronprinsparet vil deretter bli kjørt opp til Moster Amfi kor dei skal signere Tingsteinen.
VIKTIG INFORMASJON ANGÅANDE Jubileumsfeiring med KORK / «Mostrasuite» (Utseld) Laurdag 1. juni kl. 15:00
Sidan vi er så heldige å få besøk av offisielle gjester under jubileumsfeiringa, oppmodar vi alle til å kle seg i festantrekk og bunad. Ved ankomst vil det bli gitt instruksjonar, då det er visse protokollar ein må følgje ved slike besøk.Vi ber særleg om hjelp til å finne plassane sine så raskt som mogleg for å gjere klart til ankomsten av kronprinsparet. Dette blir ei storslått feiring vi alle gler oss til!
Oppmøte: 14:00 / Finn plassane seinast 14:45
VIKTIG INFORMASJON ANGÅANDE Økumenisk gudsteneste (Utseld) Søndag 2.juni kl. 11:00
Gudstenesta i Moster Amfi vil bli direktesendt på NRK søndag klokka 11:00. Det er derfor viktig at alle som har billett til utearenaen, møter tidleg og er klare på plassane sine når TV-sendinga startar.Det er også gledeleg om ein vil stille i festantrekk og bunad. PS. Det vil også bli strøyming av gudstenesta i Verditeltet same tid!
Oppmøte: 10:00 / Finn plassane seinast 10:30
Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!