Vinnar er kåra i kategorien "dikt" i ytringskonkurransen HEIM!

Vinnar er kåra i kategorien "dikt" i ytringskonkurransen HEIM!

Vi gratulerer Emma Rolfsnes Sele (25)med førsteplass i sin kategori i skrivekonkurransen Heim. Les meir om korleis ho byrja å reflektere og skrive om kva som eigentleg heim er for ho.

Saka var først publisert i Framtida.no. Ytringskonkurransen er eit samarbeid mellom Moster 2024, barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Magasinett, Framtida.no, Kapabel Forlag og Barnebokkritikk.no

Etter at Emma Rolfsnes Sele (25) flytta til Oslo begynte ho å reflektere og skrive om kva som eigentleg er heim.

- Det var veldig kjekt å vinne skrivekonkurransen. Det er stas at det eg skriv blir sett pris på, og at nokon synest at innhaldet er bra. Eg tenkte aldri at eg kom til å vinne, seier Emma Rolfsnes Sele.

Sele er fødd og oppvaksen på Bømlo i Sunnhordland. I år tar ho eit årsstudium i kulturleiing ved OsloMet og er midt i eksamensperioden når ho møter Framtida.no ved Deichman hovudbibliotek. Frå før av kan Rolfsnes òg skilte med ein bachelor i Kultur og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Vinnar av skrivekonkurranse

Sele gjekk til topps i skrivekonkurransen i sjangeren dikt med tema heim. Konkurransen vart arrangert av Framtida.no, Magasinett, barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Moster 2024, Kapabel Forlag og Barnebokkritikk.no.

Juryen skriv at Emma Rolfsnes Sele leverer ei lita diktsamling som effektivt skapar bilete hjå lesaren og reflekterer fint over heimstad, røter og det å stå på eigne bein. Dikta tematiserer ambivalensen til eigen heimstad.

Emma Rolfsnes Sele seier heim både om Oslo og Bømlo. Foto: Jonas Yang Tislevoll

Etter Sele flytta til Oslo begynte ho å skrive dikt om kva som eigentleg var heim for hennar del. I det skrivekonkurransen vart publisert hadde Sele allereie diktsamlinga klar.

– Etter eg flytta vart det så tydeleg for meg at eg er frå Bømlo, og at eg no bur i ein by der alt er stort. No kjennest det ut som både Oslo og Bømlo er litt heim. Familien kan ofte spørje meg om kva tid eg flytter heim. Eg føler meg mest heime her i Oslo, men så har eg røter og ei fortid på Bømlo, seier Sele.

Eit lite utdrag frå diktsamlinga «Heim» av Emma Rolfsnes Sele:

Eg ser det i augo deira
forventninga
om at eg kanskje ein dag
skal svare:
«ja
SJØLVSAGT
vil eg flytte heim!»

Eg har byta ut markjo med marka
bil mot trikk
stilla mot støyen

«Ein dag vil ho vel heim»
tenkjer dei
«Ein dag vil ho ha born
og mann og hund
og katt og nabo
og hus og hamster
og då vil ho vel ikkje
ha det
I BYEN
vel?»

Ikkje veit eg

Les heile diktsamlinga hennar her!

– Bestemor er min største inspirasjon

Sele pleier ofte å publisere dikta sine på Instagram. Ho tykkjer at det er noko deilig med å skrive, for å så berre sende det rett ut i verda.

– Eg begynte å skrive dikt for å motivere meg sjølv til å skrive. Det å skrive er noko eg alltid har likt. Skriving er ein veldig fin måte å uttrykkje seg på. Eg er ein veldig nysgjerrig person som går rundt og skriv ned alt eg tenker på.

Emma Rolfsnes Sele har alltid vore glad i å lese bøker. Foto: Jonas Yang Tislevoll

Heilt sidan Sele var barn har ho drive med teater, sett mykje film og vore glad i å lese. Den kreative delen har vore i familien gjennom generasjonar.

– Pappa er skodespelar og mamma er eit veldig kreativt menneske, men min største inspirasjon er bestemor. Ho er ei skikkeleg kul dame som har skrive fleire bøker om lokal historie heime på Bømlo. No er ho eigentleg pensjonist, men jobbar framleis litt som journalist i lokalavisa heime.

Usikker på framtida

Sele seier at ho ikkje veit kva ho skal finne på etter ho er ferdig å studere. I løpet av samtalen med Framtida.no kjem det fram at ho er glad i å ha ulike eld i jernet.

– No søker eg jobb. Eg er så drit lei av å studere, humrar Sele.

– Eg spissar meg ikkje mot noko spesifikt, men jobbar med ulike prosjekt på forskjellige plattformer. I det siste har eg gjort litt studentradio. Der får eg testa ut mange idear, noko eg synest er gøy.

Trass ei usikker framtid i møte, er Sele klar på at ho skal halde på skrivegleda gjennom ulike draumar.

– Eg har veldig lyst å skrive manus for eit skodespel. Det er førsteprioritet. Etterpå ønsker eg å skrive litt bøker, men eg trur nok ikkje eg hadde trivest med å berre skrive og vere forfattar.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024