Ingebjørg Bratland er knapt fylt 30 år, men allereie kjend både nord og sør i vårt langstrakte land for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne. Karrieren hennar starta i ung alder i folkemusikkmiljøet, men ho har strekt seg meir den siste tida mot popverda – sjølv om låtane har eit umiskjenneleg bratlandsk preg over seg.
Under konserten i Moster Amfi er ho så heldig å dele utescena saman med vårt fantastiske kringkastingsorkester. KORK er eit orkester på høgt internasjonalt nivå som speler alt frå det symfoniske til samtidsmusikk, pop, rock, jazz og folkemusikk. Lista over samarbeid med kjende artistar i alle sjangrar er lang, og denne gongen spelar dei med Ingebjørg Bratland.
I tillegg til hennar eige materiale, leverer ho vakre tolkingar av andre sine låtar - og når eit stort publikum i alle aldrar. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Di Ingebjørg» med fleire, har ho bore seg inn i den norske folkesjela. No gler vi oss å høyra dei saman med KORK i vårt vakre uteamfi.