Festkonsert for barn og unge med William og emma

Moster Amfi
1
June
2024
19:00
1
June
2024
20:00

Laurdag 1. juni kl. 19.00 blir det festkonsert retta mot barn og unge. Vi får nemleg besøk av to gode vener, William og emma, begge unge stjerneskot som gler seg til å kome på besøk til Jubileumsveka på Moster.

Etter sin verdige seier i MGPjr, har 14 år gamle William etablert seg som ei lysande stjerne på den norske musikkhimmelen. Han har sloppe fleire låter og opptrådt på store arrangement som Allsang på Grensen og opningshowet til Norway Cup, og blitt ein populær artist til barne- og familiearrangement i heile landet. I 2023 kom han ut med fleire herlege sommarlåtar, samt låter i desember med stor suksess som "Oss to i Vinterland", og "Magi".

Den no 15 år gamle veslesøstera til Marcus og Martinius har vore artist sidan ho var 8 år, og nådd langt dei siste åra med turnear rundt i landet, opptredd på VG-lista, Norway Cup, samt eiga konsert på Parkteatret i Oslo. Som barnestjerne gjorde emma stor suksess med hits som «Fått deg på hjernen», «Happy», «Engler i Sne» (kor William var med i musikkvideoen), og «Million» som til saman har hausta inn over svimlande 75 millionar streams på tvers av platformar.

No gler vi oss til dei begge skal stå på scenen i utearenaen i Moster Amfi.

Kanskje det dukkar opp nokon andre overraskingar under festkonserten også?

Varigheit: Omtrent ein time.

Pris:

Ordinær billett: 295 kr

Barn opptil 18 år: 195 kr

KJØP BILLETTAR HER