Arrangement
>
Gregoriansk korkonsert med Consortium Vocale

Moster gamle kyrkje
1
June
2024
18:00

Med biskopar, prestar, nonner og munkar kom også song til Noreg. Det var den gregorianske songen, som er den eldste europeiske kyrkjemusikken vi har. Den vart samla og satt i system i Frankerriket under Karl den stores tid på 700-800-tallet, med utgangspunkt i enno eldre tradisjonar, og vart etterkvart felles for heile det katolske Europa. Her i Noreg klang den i kyrkje og klostre gjennom heile mellomalderen. På konserten skal vi få høyre songar frå det eldste repertoaret - musikk som allereie var gammal då den kom hit på 1000-talet. Det blir også smakebitar frå den norske Olavsmusikken frå høgmellomalderen og dømer på korleis dei gamle melodiane fortsette å inspirera komponistar heilt fram til vår eiga tid.

Consortium Vocale Oslo er eit mannsensemble tilknyta Oslo domkyrkje, danna i 1985. Sidan 1998 har gruppa spesialisert seg på gregoriansk song under leiing av den tyske gregoranikkeksperten Alexander M. Schweitzer. Med han har Consortium Vocale gitt ut sju album som har vore viktige bidrag til både det norske og internasjonale arbeidet med gregoriansk song.

Velkommen til konsert med den eldste kyrkjemusikken!

Koristar: Jonas Lind Asgedom, Mats Bergstrøm, Svend Erik Haaland, Alf Howlid, Olav Leden Nytrøen, Pål Strøm, Lars Brusletto Sveen og Kjell Viig

Dirigent: Alexander M. Schweitzer

Jubileumsveka

Varigheit:
1
June
2024
18:00
Gratis
Junior
Utseld