Arrangement
>
Hekseringen
Hekseringen

Hekseringen

Moster Amfi
4
August
2022
21:30
13
August
2022
23:30

Hekseringen

Året er 1665, og heksebrenning går føre over heile Europa. I Bergen må Kristina og bestevennen Peder forsøke å redde Kristina si bestemor som blir tiltalt og dømt som heks. Ho står i fare for å bli brent på bålet.

Dei to borna må ut på ei farleg ferd, og får erfare magi, trolldom og heksekunster på nært hald. Kan Kristina og Peder redde Besta frå flammane?

Over heile Europa var det bølgjer av trolldomsforfølgingar på 1500- og 1600-talet. Mellom 1560 og 1700 vart om lag 770 tiltalte for trolldom i Noreg, og litt meir enn 200 av desse sakene enda med dødsstraff. Trolldomsprosessane fekk mange groteske utslag, der menn og særleg kvinner vart tiltalte og dømde for trolldom i ulike former. Mange fekk dødsstraff med «eld og bål».

Framsyninga byr på både humor, spenning, dans, song, flammar og fyrverkeri.

Velkommen til ei magisk oppleving i ute-amfiet i Moster Amfi!

Husk å kle dykk etter veret!

Tematikken frå Hekseringen harmonerer med våre verditema, spesielt til neste år kor fokuset vil vere på rettsvern.

Moster 2024 er stolt sponsor av Hekseringen.

Jubileumsveka