Arrangement
>
Innsikt før «Oresteia» - Ætt, ære og hemn

Det Norske Teateret
27
September
2023
19:00

Velkommen til introduksjonen «Ætt, ære og hemn – Historia sin aktualitet i ei grenselaus framtid», ei innsikt saman med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde før framsyninga «Oresteia».

Kristenretten på Moster i 1024 sette for alvor i gang ei utvikling av det norske samfunnet bort frå ætt, ære og hemn som stabiliserande strukturar i samfunnet. Med Landslova av 1274 tok stat, nestekjærleik og bot over den samfunnsstabiliserande rolla. Dermed skulle ein tru at ein historisk epoke tok slutt. Men ætt, ære og hemn kan få sin renessanse i den digitaliserte verda. For når staten ikkje evnar å driva effektiv politikk som gjev individet vern, vil individ søkja saman i grupper som kollektivt verner om sin identitet og kjempar for sine rettar på sida av staten sine styringssystem for lover. Kristenretten er slik ikkje ein bauta i vår historiske utvikling, men ei påminning om utfordringar i vår samtid.

Få med deg innsikta med Jørn Øyrehagen Sunde på Det Norske Teatret, onsdag 27. september, kl. 19.00. Introduksjonen er gratis, og eit samarbeid mellom Moster 2024 og Det Norske Teatret.

For meir informasjon om framsyninga og koplinga til Jørn Øyrehagen Sunde, les her.

Jubileumsveka

Varigheit:
27
September
2023
19:00
19:30
Gratis
Junior
Utseld