I samband med 1000-årsjubileet for innføring av kristenretten har Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske senter og Moster 2024 gått saman om etablering av ei ny permanent utstilling i nybygget til Moster Amfi, reist i anledning jubileet. Utstillinga har fått tittelen «Frå makt til rett - kven har makt?» og har som mål å teikna eit bilde av korleis verdiar, samfunn, lovar og maktstrukturar har endra seg gjennom 1000 år.
Sjølve opninga av utstillinga 1. juni kl. 10.00 har vi fått stortingspresident Masud Gharahkhani til å stå for!
I samband med opning av ny utstilling blir det avduka eit maleri av Vebjørn Sand, gitt i gåve til Moster Amfi- og kyrkehistoriske senter. Stortingspresidenten avdukar også dette maleriet.
Sentralt i utstillinga er Tingsteinen, som her symboliserer makta. Samtidig kommuniserer steinen noko varig, opp mot det flyktige. Steinen består, slik som makta alltid vil finnast, sjølv om den gjennom skiftande tider bær ulike makthavarar og strukturar gjennom historias gang. Samtidig bring sjølve steinen også naturen inn i rommet. Steinen som det elementet som alltid består, sjølv om menneske og kulturar går under.
I utstillinga blir 1000-årsspennet delt inn i fem epokar, illustrert gjennom fem visuelle tidsvindauge. Desse er «1024 – Kristenretten», «1274 – Landslova», «Under dansk styre», «1814 – Grunnlova» og «Moderne tid».For å konkretisere utviklinga gjennom det 1000-årige tidsspennet, har vi i jubileumsarbeidet valt ut tre verdiar for å omsette historia i konkrete problemstillingar. Desse tre er «Fridom» «Rettsvern» og «Likeverd». I utstillinga tar desse form som tre «verdisøyler» i rommet, som opnar opp for refleksjon om den historiske utviklinga gjennom spørsmål og eksemplifisering.Korleis har dei svakaste i samfunnet blitt verna? Korleis kunne hekseprosessane skje? Kva hende i overgang frå dansk einevelde til norsk sjølvstende i 1814. Korleis har den raske teknologiske endringa i moderne tid prega samfunnsutviklinga?
Utstillinga ønskjer å invitera både ung og vaksen til refleksjon og diskusjon om både historia og samtidssamfunnet. Korleis kan vi i framtida få eit best mogleg samfunn for oss alle? Vi ser at demokratiet er sett under press i mange land i verda, også i Europa. Med verdiane som ligg til grunn for utstillinga, «Fridom», «Rettsvern» og «Likeverd», skal vi gjere publikum bevisste på kor viktig det er å ta vare på og verna om verdiar og demokratiske prinsipp som ligg til grunn for samfunnet vårt i dag.