Arrangement
>
Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg
Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg

Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg

Litleamfiet
31
May
2024
18:30

Endeleg skal vi opne tidskapselen - eit kunstprosjekt og resultat frå eit samarbeid mellom to land midt i pandemien. Vi er så glade for at vi no kan ønskje vår samarbeidspartnar frå Shetland velkommen under 1000-årsjubileet og til Jubileumsveka på Moster.

«Generasjon Corona» var eit prosjekt kor vi inviterte barn og unge til å dele sine opplevingar av COVID-19 pandemien gjennom ulike kunstuttykk. I samarbeid med Bømlo kommune og Brae High School på Shetland utvikla prosjektet seg og vart til ei veke med sommarskule og skaping av ein tidskapsel.Frå 21.-25. juni 2021 arrangerte Moster 2024, i samarbeid med Bømlo kommune, Bømlo Kulturskule, Bømlo kulturhus, Bømlo folkebibliotek og Frivillighetssentralen, sommarskulen «Kapselveka» for barn og unge i alderen 10 til 16 år. I løpet av veka vart det produsert visuell kunst, teater, dans og kreativ skriving.

I august 2021 la Statsraad Lemkuhl til kai i Lerwick, Shetland som ein del av ferda til NRK sin sommarbåt. Der fekk dei overrekt bidrag frå barn og unge på Shetland som Statsraad Lemkuhl tok med til Bømlo. Alle bidraga, frå «Kapselveka» og frå barn og unge på Bømlo og Shetland resulterte i ei utstilling i Bømlo kulturhus, der tidskapselen laga av Bømlo kunstlag, til slutt vart lukka.

Med dette prosjektet la vi grunnlaget for vidare samarbeid med Brae High School og Shetland. Det har vore tette band mellom Shetland og Bømlo i svært mange år, og vi håpar å vidareføre dette gode forholdet, også for dei neste generasjonane. Vi er svært glade for at ungdommar frå Shetland no er med oss når kapselen vert opna.

Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg skjer ved Litleamfiet fredag 31. mai kl. 18:30. Endeleg skal vi opne tidskapselen – eit kunstprosjekt og resultat frå eit samarbeid mellom to land midt i pandemien. Vi er så glade for at vi no kan ønskje vår samarbeidspartnar frå Shetland velkommen under 1000-årsjubileet og til Jubileumsveka på Moster.

Jubileumsveka
>
Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg
Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg

Opning av Tidskapsel Shetland/Noreg

Litleamfiet
Varigheit:
31
May
2024
18:30
Gratis
Junior
Utseld