Arrangement
>
TEMAKVELD: «Kristenretten - meir enn ein bagatell?»

Salem
23
November
2023
19:00

Felleskristen komité inviterer torsdag 23. november, til Salem Moster og offisiell opning av den felleskristne delen av Kristenrettsjubiléet v/ ordførar Morten Helland.

Det blir helsingar frå Moster 2024 og Den norske kirke, og det vil bli premiere på jubileums-reklamefilmen!

Ellers byr kvelden på ein spennande temakveld der vi mellom anna vil skjøna at vi som nasjon ikkje vart kristna med sverd, men at det derimot var «lysets komme» som braut mørkeret over landet vårt, slik fedrelandssalmen vår uttrykkjer det: «Du Gud sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde». Med dette som bakteppe, vil vi igjen be om at Guds lys skal strøyma over landet vårt.

Forfattar og skribent Ole Petter Erlandsen vil saman med rådgjevar i tankesmien Skaperkraft, Bjørn Are Davidsen, fortelje oss om kva som hende i Noreg for tusen år sida, om historia før og historia etter.

Kor henta Olav impulsane sine frå? Kva førde dei til? Er dei aktuelle i dag, og korleis kunne vi gløyme ei så viktig hending i Noregshistoria?

I etterkant vil det bli tid til både samtale og spørsmål.

Gratis inngang med høve til kollekt.

Enkel servering.

Arrangementet er eit samarbeid med Moster 2024.

Adresse: Espelandssjøen 16, 5440 Mosterhamn

Jubileumsveka

Varigheit:
23
November
2023
19:00
Gratis
Junior
Utseld