Arrangement
>
Utstilling: Familieliv på fyr
Utstilling: Familieliv på fyr

Utstilling: Familieliv på fyr

Bømlo Kulturhus
24
February
2024
13:00

I saman med kunstnar Janne Robbestad og Bømlo Kunstlag, har vi den gleda å invitera til utstillinga «Familieliv på fyr» i Bømlo kulturhus 24. feb til 5. mars. Ei utstilling der tema er familieliv på fyret, kvinner og barn sin kvardag. Utstillinga er støtta av Kulturdepartementet og vart frå 2014 vist ved Lindesnes Fyr, Ryvarden kulturfyr, Kystmuseet i Nord Trøndelag og Sunnmøre Museum, samt ved Bovbjerg fyr i Danmark, for tilsaman cirka 10 000 gjester.

Utstillinga laga av Janne Robbestad, er laga på oppfordring av og i samarbeid med Kystverkmusea/Lindesnes Fyr. Tema er ei svært viktig del av den nære historien langs heile kysten, og innsatsen gjort ved fyra. Sjølv om fyra er automatiske no, er det ikkje mange ti-åra ein skal tilbake sidan det var heile familiar som levde på fyra.

« I møte med tematikken "fyr" oppdaga eg fort at kvinner spela ei viktig rolle. Både i å få kvardagen til å gå rundt ved å halda ein heim og hus for mennene ved fyret, men og at dei aktivt bidrog ved å arbeide med sjølve fyret. Korleis påverkar den nakne naturen, det brutale veret, dei einsame dagane dei som budde der? Og kven var desse viktige, men historisk nesten usynlege bidragsytarane i denne forblåste verda: kvinner og barn? « - Janne Robberstad.

Opninga til utstillinga på Bømlo Kulturhus startar laurdag 24. februar kl. 13.00, med føredrag på biblioteket kl. 14.00. Føredraget vil bli heldt av professor ved USN i historie og religion, Anne Irene Risøy, med tema «Familieliv frå vugge til grav».

Utstillinga varar fram til 5. mars og er open i Bømlo Kulturhus sine opningstider:

Mandag - torsdag: 10 - 18
Fredag: 10 - 16
Laurdag: 10 - 15

Utstillinga er eit samarbeid mellom Moster 2024, Bømlo Kunstlag og Bømlo Kulturhus.

Les meir om utstillingsobjekta her.

Jubileumsveka
>
Utstilling: Familieliv på fyr
Utstilling: Familieliv på fyr

Utstilling: Familieliv på fyr

Bømlo Kulturhus
Varigheit:
24
February
2024
13:00
18:00
Gratis
Junior
Utseld