Arrangement
>
Jakten på gullkorset! (Vandreteater for barnefamiliar)

Mostratunet
1
June
2024
10:00
1
June
2024
15:15

Bli med på “Jakten på gullkorset!"

I programmet Jubileumsveka Junior inviterer vi til vandreteater for barnefamiliar saman med teaterkompaniet Eventyr i Parken. Det som ikkje skulle skje har skjedd på Moster: Det heilage korset til kong Olav vert borte, rett før han skal vidare mot Nidaros! Trellen Mari vart sett på åstedet og vert skulda for å vere tyven. Det kviskrast om kong Olavs nye lover, no skal også ein trell få lov til å forsvare seg. Klarar vi å hjelpe Mari med å samle bevis for å vise si uskuld? Bli med på eit eventyr om lov og rett!

Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som har spesialisert seg på utandørs vandreteater for born og unge. No ynskjer dei å invitere liten og stor ut i Moster-området, for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte!

Ps. Vandreteater er gratis og det er plass til 30-40 per vandring. Kom difor tidleg for å sikre deg plass i jakten!

Vandreteateret er ein del av laurdagsprogrammet til Jubileumsveka Junior:

01.06 kl. 10.00 Vandreteater for barnefamiliar, Mostratunet*

01.06 kl. 13.30 Vandreteater for barnefamiliar, Mostratunet*

01.06 kl. 15.15 Vandreteater for barnefamiliar, Mostratunet*

* Tidspunkt og plassering kan bli endra

Oppmøte 15 min før kvar framsyning ved: Mostratunet

Varigheit: 45-60 min

Målgruppe: 1.klasse og oppover.

Framsyninga er støtta av Bergesenstiftelsen.

Jubileumsveka