Læringsressursar for skular

Her kjem oppgåvesett og undervisningsopplegg for ulike nivå til skuleåret 2023/24 knytt til kristenretten og jubileet.

Tidsreisa

Førebels kan du sjekke ut Tidsreisa som tek oss gjennom 1000 år fram til i dag.

Velkommen til Tidsreisa!

Kahoot

Vi har også laga ein kahoot-quiz som passar for 5. trinn og oppover.

Kva veit de om verdiane og historia bak 1000-årsjubileet på Moster i 2024?

Link til lærarane her!

Podcast: Kva er Moster si historiske forankring?

I vår nye podcast ANNO 1024 kan du høyre om kva som hende på Moster i 1024 gjennom våre fremste fagspesialistar på feltet. Ved terskelen til 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten, bør vi reflektere over kva som eigentleg skjedde for tusen år sidan. Gjennom ni episodar skal vi sjå forbi mytane og forenklingane, gå til kjeldene og leite oss fram til kva vi faktisk veit om overgangen til kristendomen. Kor kom denne kristenretten som skal ha blitt vedtatt på Moster i 1024 frå?

Høyr fyrste episode her

I fyrste episode pratar professor i mellomalderhistorie Anders Winroth og religionshistorikar Øystein Morten om kristen påvirking i Skandinavia frå 400-talet av og kvifor danske og norske konger selv ønskte å bli kristne på 900-talet. Du får også høyre om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson og korleis den vesle øya Moster vart så sentral i norsk historie.