Endeleg kan ein melde seg som frivillig under Jubileumsveka på Moster

Endeleg kan ein melde seg som frivillig under Jubileumsveka på Moster

Påmeldingsskjema for frivillige er opna!

Fredag 12. januar blei påmeldingsskjemaet til frivillige lagt ut på våre heimesider. Jubileumsveka på Moster blir ei stor og spanande feiring med arrangement, utstillingar, matopplevingar og mykje anna – og det er stort behov for frivillige til alle slags oppgåver.

 

Fleire arrangement er allereie utselde så dette blir ei feiring som garantert blir gøy å vere frivillig på.

Måler er å nå 150 frivillige, og her kan alle melde si interesse. Alt frå enkeltpersonar til russegrupper, lag og organisasjonar til familiar. Som frivillig under jubileet får ein vere med på noko heilt unikt og bli med inn i kjernen av store arrangement. Du blir kjent med nye folk og du blir ein del av ein fellesskap der alle jobbar for det same.

 

Bli med som frivillig her!

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Statsministeren si tale ved opninga av parkanlegget ved Vetahaugen

17
.
June
2024

Viktig informasjon om kongeleg besøk og TV-sending med NRK under Moster 2024

25
.
May
2024

Internasjonal forskarkonferanse i Universitetsaulaen i Bergen

18
.
May
2024