Våren 2020 tok livet ei plutselig vending, koronaviruset kom og har ført med seg store konsekvensar for verden. Korleis er det å være ung i denne situasjonen?
Med koronapandemien som på seinhausten 2020 framleis held sitt grep om verden, har vi bestemt oss for å utvida prosjektet vårt ”Generation Corona”. Vi utvider tidsperioden slik at prosjektet går inn i 2021 og fram til påske, og vi utvider samstundes aldersgrensa nedover til å inkludera også barn og unge i barneskulen!
Våren 2020 tok livet ei plutselig vending. Koronaviruset kom og har ført med seg store konsekvensar for verden. Utan vaksine må ein beskytte seg sjølv og kollektivet på anna vis. Med tiltak som avstand, isolering, karantene, munnbind, digitalt samvær, blir det eit anna sosialt liv for mesteparten av oss. Korleis har dette eigentleg virka inn på oss? Korleis er det å være ungdom i denne situasjonen? Kva sider viser vi oppi dette? Korleis har dette påverka oss som individ og som kollektiv?
Med koronapandemien som bakgrunn ynskjer vi i Moster 2024 å få innblikk i ungdom sitt liv i koronatida, fortald gjennom korte eigenproduserte filmar på inntil 2 min. Dette kan utrykkast som ein sjølv føler for, gjennom å snakke til kamera aleine eller lage ein kort scene saman med nokon andre. Bidraget kan vere utan ord, uttrykt gjennom musikk, dans eller andre uttrykk. I løpet av oktober vil desse bli sett saman til eit dokumentarprosjekt om denne spesielle tida.
Vi håpar du vil bidra med dine refleksjonar!
Lever ditt bidrag innan tidsfristen 15. juli her. Vi kan hjelpe med rådgjeving og eventuelt noko teknisk bistand til produksjon. Ta kontakt: elsa@moster2024.no
Beste film blir sjølvsagt premiert og vinnar(ane) kan sjølv velge premie blant desse alternativa:
TUR TIL SHETLAND:
Ein unik moglegheit til å oppleve Shetland sin natur og kultur i tillegg til eit innblikk i Shetland og Noregs felles historie.
KARPE:
Vinn billettar til Karpe - og tur til Oslo - i Spektrum i august 2021
BIDRAG TIL REGNSKOGFONDET:
Bidrag til Regnskogfondet sitt arbeid mot ei verd der regnskogen vert beskytta og urfolk sine rettar vert respektert.
GÅVEKORT:
Vinn gåvekort, som for eksempel: Bømlakortet, Spotify, Netflix.
NB! Bidraga vil bli offentleg tilgjengelege, blant anna på sosiale mediar og her på heimesidene til Moster 2024 i 2021.
Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!