Jubileumskonsert og talkshow «På grensa til lovsong» med Bømlo Gospel

Moster Amfi
31
May
2024
22:00
Påmelding

Fredag 31. mai kl. 22.00, blir det allsong, lovsong og korsong i saleg blanding, leia av Bømlo Gospel med dirigent Øystein Lund Olafsen. Programmet vert bunde saman av TV-profil Jan Erik Larssen i eit friskt talkshow med nasjonale gjester.

Arrangementet vil ta utgangspunkt i jubiléet sitt motto om å sjå til fortida for å forma framtida - der ein vil løfta fram det positive ved den kristne kulturarven, og kva den kan ha å seia for den nasjonale identiteten vår og verdival framover.

 

Det vil bli samtalar med både gåande og sjøfarande pilegrimar med fokus på verdival.

 

Farmen-prest Thor Haavik vil også halde appell med utgangspunkt i dei røtene vi har historisk og etisk frå Kristenretten.

KJØP BILLETTAR HER