MOSTER 2024: Klare for den store verdisamtalen

MOSTER 2024: Klare for den store verdisamtalen

Kva samfunn vil vi ha og kva verdiar skal vi legga til grunn for å skapa eit godt liv for alle som bur i landet vårt? Denne verdisamtalen ønskjer 1000–års jubileet for kristenretten og Moster 2024, å reisa som ein viktig del av jubileumsfeiringa.

«Målet vårt er å samla representantar frå mange ulike deler av samfunnet, med ulikt ståstad og erfaringar, som kan bidra i diskusjonen om kva verdiar vi ønskjer å ta med oss inn i framtida, seier dagleg leiar i Moster 2024», Elsa Aanensen.

I år er det tusen år sidan Olav den heilage innførte kristenretten i Noreg, og tysdag 28. mai til søndag 2. juni blir denne hendinga feira gjennom eit stort og mangfaldig program på Moster der det heile skjedde i 1024. Ei hending som endra landet vårt for all tid og som sette ein ny og meir human kurs for det første norske lovverket.

«Vi har invitert breitt, her er like mykje rom for ungdomspolitikarar, som Stortingspresidenten, papirlause flyktningar, verdskjende varslarar, representantar frå næringslivet, miljøvernarar, akademikarar, ministrar og det samiske kyrkjerådet», legg Aanensen til.

I samband med 1000–årsjubileet for kristenretten med overskrifta: «Feira fortid – forma framtid» har jubileet fokus på verdiar i lovverk og samfunn. I denne samanheng inviterer jubileet til ei rekkje verdisamtaler og verdiseminar der alle er velkomne. Arrangementa er gratis og vil gå føre seg i Litleamfiet, Verditeltet og i Kyrkjeveggen ved Moster gamle kyrkje.

Nedaføre finn du ei oversikt over verdi- og fagsamtalane:

ONSDAG 29. MAI

15.00 - 17.30: Verdiseminaret "Verdiar i lokaldemokratiet"

Verditeltet

Seminaret vil identifisere aktuelle utfordringar i lokaldemokratiet og peike på verdiar som kan hjelpa oss til
å ta vare på og vidareutvikle lokaldemokratiet.

Deltakarar: Jan Oddvar Skisland, Mette Heidi Bergsvåg, Anne Lise Fimreite og Jon Askeland

Moderator: Svein Arne Theodorsen

TORSDAG 30. MAI

14.00 - 16.30: Verdiseminaret "Verdiar i næringslivet"
Verditeltet

Seminaret vil identifisere aktuelle verdimessige utfordringar i næringslivet i vår tid, og peike på verdiar som kan hjelpe oss å møte desse utfordringane på ein berekraftig måte.

Deltakarar: Tove Ormevik, Kjetil Kristiansen og Hans Peter Nesse
Moderator: Svein Arne Theodorsen

FREDAG 31. MAI

13.00 - 15.00: Verdiseminaret "Verdiar i vår kulturarv"
Verditeltet

Seminaret vil identifisere verdiar i vår historie frå kristenretten og til i dag og peike på verdiar som kan vere berekraftige i tida som kjem.

Deltakarar: Jørn Øyrehagen Sunde og Eivor Oftestad
Moderator: Svein Arne Theodorsen

16.30 - 17.15: "Kva har kristenretten gjort med Noreg?
Kyrkjeveggen / Moster gamle kyrkje

Kva har kristenretten gjort med Noreg, og korleis utfordrar arven frå Moster 1024 oss som samfunn og kyrkje i dag? Tidlegare biskop Nordhaug samtalar med biskop Jepsen, kyrkjerådsleiar Harald Hegstad og preses Fykse Tveit om kristenretten på Moster i 1024.

Deltakarar: Biskop Ragnhild Jepsen, preses Olav Fykse Tveit og Harald Hegstad
Moderator: Halvor Nordhaug

17.30 - 18.15: "Kva hende eigentleg på Moster i 1024?"

Verditeltet

Oppsummering av vår internasjonale forskarkonferanse på Universitetet i Bergen: «Moster 1024- Crossroads of Religion and Law in the Conversion of Norway».

Deltakarar: Anna Elisa Tryti og Alf Tore Hommedal
Moderator: Ola Mestad

20.30 - 21.15: "Grunnlova sine kristne og humanistiske verdiar – verdiar for alle?
Litleamfiet

Vi held fram med samtalen vi starta i Kulturkirken Jakob saman med unge religiøse leiarar.I Grunnlova §2 står det «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane».

Med dette som utgangspunkt spør vi igjen: Grunnlova sine kristne og humanistiske verdiar, er dette verdiar for alle? I samtalen, leia av Håkon Sigland, vil representantar frå Den norske kyrkje, Norges Unge Katolikker, Baptistkirken Norge, med fleire, vera tilstades.

Deltakarar: Sara Faugstadmo Berg, Elise Aas, Stephen Trotter og Sajid Raheem
Moderator: Håkon Sigland
Medarrangør: Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livsynssamfunn

LØRDAG 1. JUNI

10.00 - 10.30: "Arven frå Moster 2024"

Kyrkjeveggen / Moster Gamle Kyrkje

Korleis utfordrar arven frå Moster oss i dag, katolsk sett?

Deltakar: Biskop Erik Varden
Moderator: Halvor Nordhaug

11.30 - 12.15: "Klimaomstilling og rettferd"
Litleamfiet

Barn, unge og framtidige generasjonar betalar den største rekninga viss vi ikkje klarar å redusera klimautsleppa kraftig. Korleis kan vi klara å skapa ei rettferdig grøn omstilling?

Deltakarar: Representantar frå ungdommens fylkesting, TBA
Moderator: Svein Olav Langåker

12.00-12.45: "Frå makt til rett - rolla til domstolane i Europa"

Verditeltet

Ein samtale om demokratiet under aukande press, internasjonale rettsprosessar, ny og gammal krig i Europa og gjenoppbygging av krigsramma nasjonar.

Deltakarar: Adele Matheson Mestad og Karl Harald Søvik
Moderator: Ola Mestad

13.00 - 13.45: "Har vi eit samfunn som ivaretar mangfaldet?"
Verditeltet

Vi inviterer minoritetsgrupper til felles refleksjon om situasjonen i Noreg i dag, men også med syn på korleis dette har endra seg over dei siste femti åra. Samtalen vil bli leia av Arkivet i dialog med stortingspresident Gharahkhani.

Deltakarar: Masud Gharahkhani, Awa Rahimpour, Alexander Papas og Joseph Salomonsen
Moderator: Birgit Amalie Nilsen
Medarrangør: Arkivet Freds- og menneskerettighetssenter

18.00 - 19.00: "Korleis verdsetje natur?"
Litleamfiet

Under samtalen i samarbeid med Geopark Sunnhordland diskuterer vi Naturavtalen, arealavgift, kommunars evne til å forvalte natur, og mineralutvinning.

Deltakarar: Tom Heldal, Adele Matheson Mestad, Andrew Kroglund, Karen Richardsen Moberg og Bjarte Notland Tjensvoll (Bømlo Ungdomsråd)
Moderator: Anouk-Letitzia Firle, Geopark Sunnhordland
Kunstnarleg innslag: Henrik Mestad

18:00 - 19.45: Verdisamtale med ein internasjonal varslar,
"The Returning of the Right of Might"

Verditeltet

Katharine Gun is arguably the most famous whistleblower of today. As the British intelligence organization GCHQ and US NSA schemed to secretly monitor members of the UN Security Council, Katherine one day found a note on her desk that dragged her into the preparation for the war on Iraq in 2003. Katherine won the Sam Adams Whistleblower Award for 2003 and works with U.S. experts VIPS, Veteran Intelligence Professional for Sanity. Her life has become a film with Keira Knightley playing lead role.

John Y. Jones set up SetJulianFree.org, for the imprisoned Julian Assange. He is with the magazine Ny Tid; the Peace and Justice party FOR and "Lay Down Your Arms". Both are members of IPI, Institute for the Public Interest.

After introductions, Katharine and John invite you to a conversation about the conditions of Truth in today's world.

·  Is the world returning to lawlessness and the right of the powerful?

·  Can we trust the powerful, media and those who govern us?

·  Will Power permanently undermine the international legal community?

Deltakarar:
Katharine Gun
Moderator: John Yngvar Jones
Medarrangør
: Foreningen Fred og Rettferdighet og Institute for the Public Interest og Bømlo Ordinære Asylmottak
20:45 - 21.30: "Om krig og fred"
Mostrahuset

Ein samtale om nye og gamle storkonflikter, med utgangspunkt i Palestina / Israel- konflikten.

Deltakarar: Pedro Vavik, John Yngvar Jones og Susan Hassan Abdallah
Moderator: Birgit Amalie Nilsen
Medarrangør: Arkivet Freds- og menneskerettighetssenter

SØNDAG 2. JUNI

10.00 - 10.30: "The Church’s Role in Society"
Kyrkjeveggen / Moster gamle kyrkje (Engelsk)

What is the mission and role of the church in building a more loving, just and sustainable society?

Deltakar: The Archbishop of York Stephen Cottrell
Moderator: Halvor Nordhaug

13.00 - 13.45: "The Values of the Church"
Verditeltet (Engelsk)

The calling and values of the Church in times of crises for the one world and the one creation.

Deltakarar: Jerrey Pillay, Stephen Cottrell
Moderator: Olav Fykse Tveit

14.00 - 15.00:
"Mostratinget - Ein verdisamtale om fortid og framtid"
Moster Amfi

Vi summerer opp ungdommen sinefem viktigaste sakar for framtida i ein live spørjetime saman med ungdomsrepresentantar frå ulike fylkeating på scenen i Moster Amfi

Deltakarar: Kjersti Toppe, Jon Askeland
Moderator: Inger Christin Hystad Barane

16.00 - 16.45: "The role of the Church in Truth and Reconciliation Processes / Sannheit og forsoning – kva er kyrkja si rolle?"

Verditeltet


For eit år sidan la Sannhets- og forsoningskommisjonen fram sin rapport om fornorskningspolitikken ovanfor samar, kvenarar, norsk-finnar og skogfinnar.

Rapporten avdekker kyrkja si medvirking i fornorskinga og ventar no at kyrkja skal ta eit oppgjør og bidra til forsoning. Vi spør korleis Den norske kyrkje vil følgje opp dette, gjennom ein samtale mellom nordiske kyrkjeleiarar og deira erfaringar med forsoningsprosessar med urfolk og minoritetar.

Deltakarar:
Silje Karine Muotka, Sametingspresident, Biskop Herborg Finseth, Den norske kyrkje, Biskop Paneraaq Siegstad Munk, Folkekirken, Grønland, Erkebiskop Martín Modeus, Svenska Kyrkan
Moderator:
Berit Hagen Agøy, Kirkerådet
Medarrangør:
Den norske kyrkje, Norges Kristne Råd

ENGLISH:
The churches responsibility for discrimination and oppression of indigenous people and minority groups. The conversation takes us past and present, and turns to the churches role i reconciliation.

17.45 - 18.30: "Heim – verdien i å vende tilbake"

Litleamfiet

Ein samtale om busetting og om inn- og utflytting frå Bømlo. Kva verdiar er viktige ved val av heim? Deltakarar vil vera forfattar Bjørn Sortland, Nina Matre, prosjektleiar i Bu i Sunnhordland, Mari Pedersen Totland, prosjektleiar i Bømlo Næringsråd og Emma Rolfsnes Sele, vinnar av skrivekonkurransen “Heim” for ungdom i regi Moster 2024, Kapabel Forlag, Framtida.no og Falturiltu, nynorsk barnebokfestival.

Deltakarar: Nina Matre, Mari Pedersen Totland, Emma Rolfsnes Sele og Bjørn Sortland
Moderator: Jane C. S. Jünger
Medarrangør: Falturiltu

Eg ser det i augo deira
forventninga
om at eg kanskje ein dag
skal svare:
«ja
SJØLVSAGT
vil eg flytte heim!»

- utdrag av eit dikt av Emma Rolfsnes Sele


20.30 - 21.15: "Oppsummering av kristenrettsjubileet, Moster 2024"
Verditeltet

Vi deler refleksjonar så langt i jubileumsåret som markerer to lovjubileum, med fleire komande i planlegging.

Deltakarar: Kjersti Toppe, Ragnhild Jepsen, Bjørn Sortland og Jon Askeland
Moderator: Jørn Øyrehagen Sunde

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

3
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024