Bakgrunn

Her vil vi leggje ut historisk informasjon knytt til Mosterhamn.

Moster Gamle Kyrkje

Bilete av Moster Gamle kyrkje på eit postkort. Truleg teke i 1916.

Dette bilete av Moster Gamle Kyrkje er teke i 1971 i samband med ei oppgåve i kunsthistorie av Johannes Hjelland. Kyrkja har mange gonger vore under restaurering. Slik såg ho ut før ho vart oppattkalka. Kyrkja er her sett frå søraust med Vetahaugen i bakgrunnen.

900-årsjubileet på Moster i 1924!

I 1924 var det ei stor feiring av 900-årsjubileet av at Kristenretten vart vedteke på Mostratinget i 1024, med besøk av Kong Haakon og heile 8000 besøkande på Moster. «Krossen på Vetahaugen» står igjen som minnesmerke etter dette jubileet.

Her er det fornøyelege skildringar og detaljar om kongebesøket, kongemiddag, møter med lokalbefolkning og Kong Haakon si vandring opp til Vetahaugen og den nye minnesmerket.

Les meir om denne store hendinga i vedlagte artiklar: