Illustrasjoner av kors, slott, vikingskip, vikingsverd, planet, mobil og fly.

Dette er ei samleside som visar til dei ulike prosjekta vi har for barn og unge i ulike aldre. Her finn du alt frå læringsressursar til skulen, komposisjon til kulturskulen, samt opplegg for dei unge i fritida!

Aktivitetshefte for mellomtrinnet

Aktivitetsheftet er ein ressursbank for lærarar i mellomtrinnet. Det kan bli lasta ned som pdf og består av fakta- og oversiktstekstar, illustrasjonar, forslag til undervisningsopplegg med ulike aktivitetar og oppgåver, samt lenkjar til digitale ressursar. Heftet kan enkelt tilpassast andre alderstrinn, men er rekna på 5-7 trinn.

Podcast for barnehage

M24 Barnepodden er eit pedagogisk verktøy for barnehagar og småtrinnet i skulen. Innhaldet har interaktive element med intervju, spørsmål til lyttarane, samt ein spennande historie å følge om hunden Daisy som drar gjennom vikingtida.

Podcast for vidaregåande

«ANNO 1024» er ein spennande historie-podcast om Moster og det store religionsskiftet. Den passar for historieinteresserte og eldre lyttarar frå 10.klasse og opp.

Jubileumslåt og koreografi

Jubileumslåta «FRIDOM» er ein fellesskapssong som handlar om verdiane jubileet er bygd på. Han passar for barn i alle aldre, med koreografi ein kan lære i både enkel og litt vanskelegare versjon. Artist på låta er MGP Jr. vinnar William Høyem Ribe.

Jubileumsboka «Moster iz da thing!»

«Moster iz da thing» er ei lettlest og gøy sakprosabok skrive av Bjørn Sortland. Boka handlar om då Olav den heilage sette ting på Moster i 2024, og passar for barn i alle aldre. Boka er illustrert av Egil Nyhus.

Kristenretten - enkelt forklart

Ei enkel forklaring på kva kristenretten er, og kva vi eigentleg feirar i 2024. Her kan ein teste kunnskapane sine om jubileet med ein ta Kahoot-quiz i etterkant.

Tidsreisa - visuell historiereise

«Tidsreisa» skal bidra med ei tilgjengeleggjering av historia mot allmennheita, særlig med tanke på barn og unge, og består av ulike opplevingar og sider av historia gjennom dei siste tusen åra. Prosjektet har som målsetting å skapa større refleksjon om vegen som er gått opp før oss, og kva hendingar som har ført oss dit vi er komen i dag.

Komposisjon for kulturskular

«Elle Melle» er ein nyskriven komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps, skrive av Webjørn Sæther.